Hopp til hovedinnhold

Miljøkoordinator

Hogne foran MOTbrua

Hogne tar deg imot om morgonen og hjelper deg med alt mogleg du ikkje eingong kjem på.

Dette seier Hogne om seg sjølv:

"Heisan alle flotte ungdommar og velkomne til eit nytt skuleår.​

Eg er så heldig som får moglegheita til å jobbe som miljøkoordinator, elevrådskontakt og MOT-koordinator her på skulen.

I min jobb samarbeidar eg tett med helsesjukepleiar på skulen.

Det er utruleg energigjevande og meiningsfylt å få treffa flotte ungdommar kvar dag, og ikkje minst å kunne få samla dei til trivelege og lærerike MOT-økter i klasserommet.

Det største ynskjet mitt som MOT-koordinator og som miljøfagarbeidar er, at dykk ungdommar skal ta godt vare på kvarandre og på dykk sjølve, for slik kan ein skapa trivnad og samhald på skulen.

Me har alle behov for å bli sett og inkludert, og me har alle eit ansvar for at dette skjer.
Ha MOT til å leva, det er så viktig å gjere det DU ynskjer, hugs at du er verdifull!

Som miljøfagarbeider så er eg litt over alt. Eg held til i 2. etg. på 213, her er det berre å banka på om det skulle vera noko du lurer på, eller om du kanskje berre vil snakka litt, er du hjarteleg velkomen.

Start morgonen med eit smil og eit hei, det krev så lite, men betyr så uendeleg mykje.

Ver snill og ta hand om kvarandre, det er så viktig å bry seg.

Lukke til med det nye skuleåret!

Helsing Hogne Mjelstad
Miljø- og MOT-Koordinator

Hogne Mjelstad

Miljøkoordinator
hogne-mjelstad3.jpg