Hopp til hovedinnhold

Hugs elektronisk lånekontrakt!

Elevar som ønskjer å låne gratis skulebøker til bruk gjennom skuleåret, må signere elektronisk lånekontrakt på Vestland Fylke sine heimesider.

Elevar får tilbod om å låne alle skulebøker gratis frå skulebiblioteket. Først må eleven signere ein elektronisk lånekontrakt. Elevar som er over 18 kan sjølv signere med BankID, dei under treng pålogging frå ein foresatt. Dei som har signert tidlegare år, må framleis signere ny kontrakt for skuleåret 2023 - 2024. 

Du finn lånekontrakten her. Ta gjerne kontakt med skulebibliotekaren på  e-post viss du treng hjelp!