Hopp til hovedinnhold

Skuleavslutning og klagebehandling

Skuleåret går mot slutten, og siste skuledag er 21. juni.

Karakterane blir tilgjengelege i VIS onsdag 15. juni. Under finn du informasjon om klagehandsaming, og lenke til sida der du sender inn ein eventuell klage. Før du sender klage, snakk med faglæraran din!

Klagefristen er 10 dagar. Elevane har rett til å få grunngjeving frå faglærar før dei klager. Dersom eleven ber om grunngjeving, gjeld klagefristen frå eleven fekk grunngjevinga.

Det er også i år lagt opp til hurtighandsaming av klager på standpunkt for vg3. Hurtigklagefristen er sundag 19. juni. Desse elevane vil få svar på klagene i veke 26. Andre klager vil bli handsama i august. Klage skjer digitalt, ved å bruke MinID/BankId.

https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/eksamen-og-standpunkt/klage-pa-standpunktkarakter-og-karakter-i-orden-og-atferd/ 

For å sjå meir om planene fram mot ferien, sjå under "Kva skjer" øvst på sida. Elevane finn meir informasjon på InfoElev.