Elevane på studiespesialisering startar skuleåret med ekskursjonar ut i naturen.
1. klassingane på studiespesialisering, saman med faglærarane Else Lyssand og Tore Hovland, var på dagsekskursjon til Herdla. Der fekk elevane utforske fugleliv og biologisk mangfald.
I biologi 1 tok Espen Schei og Else Lyssand elevane med til Hanøy på overnattingstur. Dei studerte det marine økosystemet, gjorde feltarbeid i fjæren og satte garn og ruser.
Biologi 2 tok turen til fjells, nærmere bestemt Bergsdalen. Der overnatta dei to netter på Alexander Grieg Hytten. Dei studerte økosystemet på fjellet, og samla inn planter og anna til objektsamlingen. Else Lyssand og Espen Schei var også ansvarleg for denne turen.
I år var alle gruppene heldige med været. Turane gav gode opplevingar og sosialt fellesskap, noko som er eit av måla for ekskursjonane.
Ekskursjonar naturfag og biologi hausten 2022



