Vg2 El-energi og ekom
Med vg2 energi og ekom som fordjuping kan du velje mellom fleire ulike fagbrev, alt frå elektrikar til heismontør.
På skulen samarbeider vi med fleire el-bedrifter i nærområdet. Det gir ein fin balanse mellom. Eksamen frå vg2 gir deg sjansen til å søke læreplass i ei bedrift, slik at du kan ta fagbrev. Vegen mot fagbrev etter vg2 tek vanlegvis 2,5 år.
Har du lyst på endå fleire utfordringar, anbefaler vi deg å søke vg3 påbygging. Da får du generell studiekompetanse, som gir tilgang til studium ved høgskular og universitet.
Vg2 Køyretøy - kryssløp frå vg1 Elektro og datateknologi til Teknologi- og industrifag
Vg2 køyretøy handlar om feilsøking, reparasjon og vedlikehald av ulike typar køyretøy. I programfaga utviklar du kompetanse i arbeid på mekaniske, elektriske, elektroniske, pneumatiske og hydrauliske komponentar og system på køyretøy. Du lærer og om korleis du kan få køyretøy, motorar, komponentar og deler til å halde på kvaliteten over tid, slik at vi tar i vare på samfunnet sine avgrensa ressursar. Programfaga skal også bidra til at du utviklar kompetanse i reparasjon av køyretøy og motorar, og til å gjere gode val i bruk og innkjøp av deler og utstyr. Du lærar og om korleis du skal rettleie kundane om reservedelar og anna utstyr til køyretøy og motorar.
På Askøy vidaregåande skule tok vi i bruk eit heilt nytt verkstad til dette programområdet hausten 2024. Programområdet på Askøy vgs. har ein profil som rettar seg inn mot dei behova bransjen har i vår tid, inkludert el-bil-segmentet.