Teknologi- og industrifag

Elev som jobber med sveising

Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. Her kan du mellom anna lære meir om maskinar, produksjonsprosessar, automatisering og programmering av robotar. Etter 2 år i skule kan du søkje om læreplass for å ta fagbrev. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje teknologi- og industrifag (TIF)?

Dersom du har tenkt deg i Nordsjøen, bli bilmekanikar, sveisar, styrmann, kranførar eller ingeniør, er dette linja for deg.

Moderne samfunnsliv er utenkeleg utan tekniske fag. Heile den industrielle sivilisasjon er bygd opp av dyktige fagfolk og ingeniørar.

Gjennom samarbeid og kreativitet har dei stadig utvikla nye teknikkar og utstyr, gjerne på tvers av landegrensene.

Les meir om TIF på Vilbli.no

Vg1 teknologi og industrifag 

I løpet av vg1 vil du tilegne deg grunnleggende kunnskap om produksjon og tjenester, konstruksjons- og styringsteknikk og produktivitet og kvalitetsstyring. Du vil få trening i planlegging av arbeid, bruk av verktøy og måleinstrument, overvaking og drift av manuelle og automatiske prosessar, og materialkunnskap.

I programfaga vil du få lære å merke, dreie, frese, bore, skjære, sveise og lodde ulike metall. Du vil og få lære å montere/demontere maskinar, elektronikk, samt kople opp pneumatiske og hydrauliske ventilar og synlindrar.

Som fagarbeidar vil det bli stilt krav til kunnskap om helse, miljø og tryggleik. Dette er noko vi legg stor vekt på.

Bedrifter i dag er gjerne på eit høgt teknisk nivå i eit internasjonalt miljø. Difor etterspør dei gjerne ungdommar som er flinke i framandspråk i tillegg til at dei har gode praktiske og teoretiske evner.

Å kunne bruke IKT som verktøy er viktig i alle fag. Du vil mellom anna lære å teikne på PC.

Vg2 industriteknologi

Industriteknologi er den breiaste av TIP-retningane. Den kan føre deg ut i heile 23 mogelege yrkesfag.

Alle industriarbeidsplassar stiller strenge krav til helse, miljø og tryggleik.
Du må kunne arbeide etter faste prosedyrar med registrering og produksjon. Stadig fleire bedrifter opererer i eit internasjonalt miljø. Difor treng dei fagfolk med gode språkkunnskapar.