Her finn du informasjon om rådgjevarar, skulehelsetenesta, bibliotek og miljøkoordinator.

Rådgjevarane våre
Rådgjevarane våre kan hjelpe deg med spørsmål om val av utdanningsprogram og fag. Treng du råd og rettleiing når det gjeld vegen vidare etter vidaregåande skule? Då kan du bestille tid hos ein av rådgjevarane våre.
Helsesjukepleiar
Helsesjukepleiar
-
Helsesjukepleiar David Marøy er tilgjengeleg på skulen:
- Måndager kl. 09:00 -14:00
- Tysdagar kl. 09.00 -14.00
- Torsdagar kl. 09:00-14:00
Helsesjukepleiar Anny Ottemo er tilgjengeleg på skulen
- Måndager kl. 09:00-14:00
Biblioteket
Biblioteket er skulens bankande hjarte. Her kan du slappe av, vere sosial, jobbe med oppgåver, lese og få hjelp med å finne litteratur eller anna informasjon. Av og til er det ekstra kjekke aktiviteter på biblioteket der ein kan oppleve noko saman, som musikk, spel, høgtlesing eller anna.
Biblioteket er dagleg bemanna med fagutdanna spesialbibliotekar.


Miljøkoordinator Hogne
Hogne er skulen sin miljøkoordinator. Han er opptatt av at elevane våre skal trivast, og har ein hand med i det meste av aktiviteter i elevmiljøet. Han støtter mellom anna elevråd og russestyre i deira oppgåver, og er også MOT-koordinator.
Hogne er her for deg og legg til rette for at du har ein aktiv og sosial kvardag. Hogne støttar og motiverer deg, han samarbeider tett med dei andre i elevtenesta og kan hjelpe deg vidare i systemet, og du kan stola på han dersom noko er vanskeleg eller du hamnar i konfliktar.
Hogne har nesten alltid tid til ein prat!