Helse- og oppvekstfag

Helsefagelevar ved øving med pasient

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje helse-og oppvekstfag?

Helse- og oppvekstfag passer for deg som ønsker å jobbe med menneske i ulike aldre og livssituasjonar. Du må bry deg om andre menneske.

Du som vel helse- og oppvekstfag bør vere omsorgsfull, flink til å kommunisere og god til å samhandle med menneske med ulik bakgrunn og livssituasjon. I opplæringa legg vi vekt på at du skal bli bevisst på haldningane dine.

Vg1 helse- og oppvekstfag

Vg1 helse- og oppvekstfag fører til 11 ulike yrke: aktivitør, ambulansearbeidar, apotekteknikar, barne- og ungdomsarbeidar, fotterapeut, helsefagarbeidar, helsesekretær, hudpleiar, ortopediteknikar, portør og tannhelsesekretær.

I programfaga arbeider du med helsefremjande arbeid, yrkesliv og kommunikasjon og samhandling.

Vg1 er felles for alle som tek helse- og oppvekstfag.

På vg2 tilbyr vi:

  • vg2 barne- og ungdomsarbeiderfag
  • vg2 helsearbeiderfag

Vg2 helsefagarbeidar

Det å vere helsefagarbeidar krev at du likar å ha nær kontakt med menneske. Du må vere pliktoppfyllande, påliteleg, og villig til å ta ansvar. Det er òg viktig at du kan samarbeide med andre og kunne arbeide sjølvstendig. Helsefagarbeidaren arbeider i heimetenesta, på sjukeheim og sjukehus.

Opplæringa i faget skal utvikle evne til å møte menneske med ulik kulturell bakgrunn i ulike livssituasjonar. Helsefagarbeidaren skal kunne observere og bruke kunnskap om ulike sjukdomar, skadar og lidingar, og til å sette i verk førebyggande eller behandlande tiltak.

I programfaga arbeider du med helsefremjande arbeid, yrkesliv og kommunikasjon og samhandling.

Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag

I dette faget får du kunnskap om fysisk og psykisk helse hos barn og unge. Vidare lærar du mellom anna å leggje til rette og gjennomføre pedagogiske tilbod for born i alderen 0-18 år. Du lærer óg å fremje fellesskap og samhald i eit miljø prega av leik, utforsking og læring. Utdanninga legg grunnlaget for arbeid i barnehagar, skular, fritidsordningar og klubbar.

I programfaga arbeider du med pedagogisk arbeid, yrkesliv og kommunikasjon og samhandling.