Hopp til hovedinnhold

Velkomen til biblioteket

Bilde med elevar på biblioteket

Biblioteket finn du sentralt i 2. etasje i hovudbygningen. Det er ope heile skuledagen.

Om biblioteket

På biblioteket kan du gjere lekser, drive gruppearbeid, lese bøker, tidsskrift og aviser. Her finn du fagstoff og kjelder til oppgåver og prosjektarbeid.

Bibliotekaren kan anbefale litteratur, hjelpe deg å finna fram og kan rettleie deg i å søke i ulike databasar og på internett.

Vi har òg skjønnlitteratur, krim, spenning, og DVD/videoar som sjølvsagt kan lånast med heim.

Biblioteket skal vere ein god stad for læring, arbeid og avkobling. Hald stemmebruken på eit behageleg nivå, ta omsyn til oss andre.

Biblioteket er eit sosialt rom, og det er lov å prate, hvile, ete, spele spel, surfe på nettet eller høyre på musikk her – så lenge du respekterer andre, lèt dei få arbeidsro og held orden.

Bibliofil

Last ned appen Bibliofil! (Android, Apple) Da har du både lånekortet ditt og heile bibliotekkatalog på mobilen din.

Utlån av lærebøker

Lærebøkene dine får du utlevert på biblioteket. Du får bøkene når du viser fram kvittering frå signert lånekontrakt. Er du under 18 år må også føresette underteikne lånekontrakten.

Her signerer du lånekontrakten

Vanleg lånetid for lærebøker er ut skuleåret.  Dersom du har gløymt læreboka heime kan du få låne eit eksemplar som dagslån, dette med atterhald om at vi har ekstra eksemplar tilgjengeleg.

Lærebøkene skal leverast ved skuleslutt etter den planen biblioteket set opp. Bøker som ikkje vert levert tilbake må erstattast.

Elevar jobbar på skolebiblioteket

Digitale ferdigheiter

Digital kompetanse er ei grunnlegende evne som skal lærast på skulen. Det er ein viktig føresetnad for vidare læring å kunne innhenta og behandla informasjon, bedømma informasjonen, vera kreativ og skapande med digitale ressursar og å kommunisere med andre i digitale omgivnader.

 

BookBites

Med BookBites-appen kan du laste ned både bøker og lydbøker til mobilen din eller nettbrettet. Det er mest romanar, men også ungdomsbøker og fagbøker. Same bok kan lastast ned til seks ulike einingar, og bøkene blir automatisk levert tilbake etter tre veker. Logg deg på med Feide!

Bibliotekaren

Ellinor er skolebibliotekaren vår. Ho kan hjelpe deg å finne bøker og artiklar, og har som regel tid til å slå av ein prat. 

Ellinor Engeline Engelstad

spesialbibliotekar
Ellinor.jpg