Hopp til hovedinnhold

Når du skriv ei oppgåve er det viktig å finne gode kjelder for informasjon. Men korleis kan du stole på det du finn? Det er viktig å utøve kjeldekritikk for å finne eigna og kvalitetssikra informasjon.Du kan ikkje klippe og lime andre sitt arbeid som ditt eige. Korleis kan du bruke andre sine tekstar utan å plagiere? Det kan du lære meir om på sida vår om kjeldebruk og kjeldekritikk.

Kjeldekritikk på nett:


Utgjevar

  • Kven er kjelda til informasjonen - hugs at kven som helst kan legge ut informasjon på nettet, til kva for eit føremål som helst.
  • Kva for ein autoritet har personen/organisasjonen/verksemda som har lagt ut informasjonen?
  • Finst det opplysningar om personen/organisasjonen?
  • Er personen/organisasjonen kjend innan feltet?
  • Er det nokon som refererer til denne personen/organisasjonen (kjelda)?
  • Er det mogelegheit for å kontakte kjelda pr. telefon, faks eller e-post? Står adressa på nettstaden?

Føremål med sidene

  • Kva er motivet for å legge ut informasjonen? Er denne reklamen, propaganda eller faktum?
  • Er kjelda nøytral, eller finn du eit sterkt farga syn på saka?

Truverd

  • Er språkbruken truverdig? Finn du mykje skrivefeil?
  • Har nettstaden ein klar og tydeleg layout? - Har nettstaden ein god og korrekt lenkesamling til andre aktuelle nettstadar?

Utgjevingstidspunkt

  • Er informasjonen ny eller gammal? Når vart sidene sist oppdatert?

 

Søk og skriv og Kildekompasset hjelper deg også vidare med referansar.

 

Kildesøk

Bli betre til å søke på internett! God søketeknikk handlar om korleis du vel søkeord og kjelder å søke i. 

Bruk forskjellige kjelder: Google scholar, DuckDuckGo, A-tekst (via Its-learning)

Google er verdas mest brukte søkemotor og her finn du nesten alt du leitar etter. Etterfølgande nokon tipps korleis du gjera leitinga raskare og meir effektiv:

1. Søk på ei bestemd nettside
  • ein svært presis måte å søka på
  • i søkefeltet skriv du "site:" følgd av nettsida du vil finne
  • til dømes: site:asv.hfk.no (hugs at det ikkje er mellomrom etter kolon)
2. Søk på filtype
  • dersom du veit at du leiter etter ein wordfil, excelfil eller pdf, skriv i søkefeltet "filtype:" følgd av søkeordet ditt 

  • til dømes: pdf:skulerute Askøy
 3. Fraser
  • bruk hermeteikn for å leite etter ord eller frasar
  • når du bruker "søkeord" søker Google nøyaktig etter ordet
  • ein bra måte for å søke opp personar eller produkt
  • til dømes: "Zlatan"
4. Utelat ord
  • nokon gonger blir ein hindra for å få gode treff. Søkar ein t.d. etter Paris, kjem det mykje om Paris Hilton. For å hindre å få med opplysningane om henne skriv du i søkefeltet: Paris -Hilton
5. Ordbok/Leksikon
  • Google har eit innebygd ordbok, som hjelper deg å finne ut tyding av ord, særleg på engelsk
  • skriv "define:" følgd av ordet
  • t.d. define:website
6. Kalkulator
  • Google har òg ein innebygd kalkulator
  • du kan bruke pluss, minus, ganga, dela og du får òg rekna ut prosent
  • t.d.: 8*5+40

Dette var nokre døme til meir presis bruk av Google.

Det finst fleire verktøy som gjer livet med Google enklare, t.d. klokkesøk (time Tokyo), Valutakalkulator ( 10 USD in NOK), værsøk (vêr Kvamskogen), kartsøk (kart Askøy) og nokon fleire.

Google advanced søk 

Prøv sjølv!