Elektro og datateknologi er ei yrkesfagleg utdanning der du mellom anna lærer om installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system. Du går 2-3 år på skule før du kan søkje læreplass. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Kvifor elektrofag?
Ei utdanning innan elektrofag er ein innfallsport til mange spanande og interessante yrke. Samfunnet vårt er avhengig av elektrisitet og apparat basert på elektrisk energi. Lys og varme, tele- og datakommunikasjon, maskiner i hushaldet og industrien er berre nokre av mange eksempel der elektrisitet er absolutt nødvendig.
Samfunnet krev auka sikkerheit og nye elektriske system. Dette krev kompetente fagfolk ved installasjon, drift og vedlikehald.