Hopp til hovedinnhold
Elevar opptatt med eksamen i elektrofag

Vestland fylkeskommune har saman med Erfurt i Tyskland ei avtale som gir inntil ni elevar på Vg2 Datateknologi og elektronikk (EIT), Elenergi og ekom (EBT, EEG) og Automatisering (MET) ei eineståande mogelegheit til eit skuleår på Andreas Gordon Schule i Erfurt, midt i hjartet av Tyskland.

Elevane blir valt ut etter søknad og intervju, og vi legg vekt på sosiale eigenskapar, interesser, fråvær, orden og åtferd – i tillegg til karakterar frå Vg1.

Frå august til slutten av oktober går elevane på Askøy vgs., der dei har samfunnsfag, norsk, gym, elektro og eit intensivkurs i tysk. Dei begynner på Andreas Gordon Schule i starten av november og følger all teoriundervisning i 2. og 3. klasse saman med tyske lærlingar. Andreas Gordon Schule har ei stor elektroavdeling (ca. 40 klassar). Opplæringa skjer på skulen (teori + lab), i opplæringssenter og i bedrifter. Opplegget er ganske forskjellig frå det norske, og elevane må vere førebudde på at læreplanane skil seg frå dei norske på fleire område. All undervisninga er på tysk. I tillegg til elektrofaga følger elevane òg undervisninga i tysk kommunikasjon, samfunnsfag og gym.

Eksamen i elektrofag er i Tyskland i mai. Den siste månaden av skuleåret er ein tilbake på Askøy for å gjere ferdig allmennfaga og for å ha praksis i bedrift.

Elevane bur på internat i Erfurt, og internatleiinga følger opp elevane i samarbeid med skulekontoret Amt für Bildung i Erfurt og kontaktpersonen vår i byen.

Opphaldet vert finansiert med stipend frå Statens Lånekasse. Det dekker to heimreiser, husleige og mat. Elevane er forsikra gjennom fylket si elevforsikring.

Slik søker du

Elevar søker på vanleg måte i VIGO innan 1. mars, og i tillegg på dette spesielle søknadsskjema. Søkaren må òg skrive ein presentasjon av seg sjølv, der ein fortel om bakgrunn, interesser og motivasjon for å gå på skule i utlandet, og legge ved karakterutskrift frå Vg1. Elevane vert kalla inn til intervju etter at rektor på Askøy vgs har godkjent søknaden.

Søknaden til Askøy vgs skal altså bestå av tre delar i tillegg til søknaden ein legg inn i VIGO:

  • Utfylt søknadsskjema
  • Presentasjon av deg sjølv
  • Karakterutskrift frå 1. termin VG1

Dette skal sendast samla til:

Askøy vgs. v/ rektor Oddvar Skråmestø
Søre Myrane 13
5300 Kleppestø

Søknadsfrist 1. mars.

Ann-Elin Dyrøy

undervisningsstilling