Lengtar du vekk? Skal du oppdage verda? Ta elektro vg2 eller studiespesialisering vg2 i Erfurt i Tyskland!
Kan eg søke?
Vestland fylkeskommune og Askøy videregående skole har eit tilbod der du kan ta vg2 i byen Erfurt i Tyskland.
Går du på, eller er du ferdig med vg1 på anten elektrofag eller studiespesialiserande, kan du søke. Etter søknad og intervju, vil elevane få skuleplass på Andreas Gordon Schule (elektro) eller Albert Schweitzer Gymnasium (studiespesialiserande).
Korleis vert opphaldet?
Elevane bur saman med tyske elevar på internat i Erfurt. Statens Lånekasse gir stipend til husleige og mat.
Undervisinga skjer på tysk. Askøy videregående skole har ein eigen koordinator som held kontakt med elevane før dei reiser og medan dei er i Tyskland. Koordinatoren besøker elevane fleire gonger i løpet av skuleåret. Det er også ein lokal støtteperson i Erfurt som kan hjelpe og rettleie i kvardagen.

Internasjonal vidaregåande skule vg2 studiespesialiserande program
Kvart år får inntil ni elevar frå Vestland tilbod om å gå heile vg2 på Albert Schweitzer Gymnasium i Erfurt – og kjem heim med god fagkompetanse, flytande tysk og spanande opplevingar i bagasjen.

Internasjonal vidaregåande skule vg2 elektrofag
Elevar som har fullført vg1 elektro kan søke om å ta det andre skuleåret i Tyskland. Inntil ni elevar får plass på Andreas Gordon Schule i Erfurt etter søknad og intervju. Det er ei oppleving for livet, og elevane kjem heim godt rusta for eit fleirkulturelt arbeidsliv.

YFF-praksis i Danmark eller Tyskland
Gjennom Vestland fylkeskommune har Askøy videregående skole mogelegheit å søke om stipend frå Erasmus+ for elevar på Vg2 tømrar, industriteknologi, helsefagarbeidar og barne- og ungdomsarbeidarfag.
Vi samarbeider med ulike institusjonar og bedrifter i Randers og Aalborg i Danmark og Erfurt i Tyskland, og elevane kan søke om å ha YFF-praksisen i andre termin der. Vi informerer om tilbodet i alle aktuelle klassar i slutten av november. Dersom ein har spørsmål, kan ein vende seg til internasjonal koordinator ved skulen.
Sjå kva elevar seier som reiste til Tyskland
Internasjonal koordinator
Lyst på eit opphald i utlandet? Og mange spørsmål? Ta kontakt!