Elevrådet
Elevrådet representerer elevane ovanfor rektor og andre som bestemmer på skulen. Er det noko du ønskjer å endra på skulen, kan du ta det opp som ei sak i elevrådet.
Elevrådet er representert med ein tillitselev frå kvar klasse.
Vil du bidra til å lage eit godt skulemiljø, kan du engasjera deg som tillitsvald i ein komite, eller berre ved å vere ein god medelev!
Elevrådet møtest om lag anna kvar månad, og er representert med ein tillitsvald frå kvar klasse. Møte i elevrådet gjev gyldig fråvere.
Kontaktperson for elevrådet er Hogne Mjelstad.