Hopp til hovedinnhold

Studiespesialisering

Elevar som er opptatt med skulearbeid

Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Kvifor velje Askøy?

Hjå oss kan du kvalifisere deg til kva som helst studium i innland og utland i løpet av tre år.

Vi tilbyr både språk-, økonomi- og samfunnsfag og realfag som vil hjelpe deg med å meistre utfordringane i livet. Hos oss får du eit sterkt internasjonalt fokus. Som elev på studiespesialiserande får du tilbod om utanlandstur knytt til opplæringa i framandspråk og/eller eit programfag. 

Vg1 studiespesialiserande

På vg1 må du velje eit framandspråk i tillegg til engelsk. Vi tilbyr:

  • fransk nivå I og II
  • tysk nivå II
  • spansk nivå II

Det er vanleg å halde fram med det språket du hadde på ungdomsskulen. Fransk I er i utgangspunktet eit tilbod til dei som ikkje hadde framandspråk på ungdomsskulen. Du kan òg bytte til fransk frå eit anna språk ein har valgt på ungdomsskulen.

Dersom du ikkje hadde språk på ungdomsskulen, må du velje fransk, og halde fram med det også når du kjem til vg2 og vg3.

Askøy videregående skole har i mange år reist med vg1-elevar på språktur til Spania, Tyskland eller Frankrike. Elevane som er med bur då som regel i ein vertsfamilie. Programmet inkluderar mellom anna besøk på skule og møte med jevnaldrende. Det er Askøy videregående skule som arrangerer og organiserar turane sjølve.  

Vg2 studiespesialiserande

På vg2 vel du programområde, anten realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi. Du må ha fordjuping innan to fag i det same programområde, det betyr at du må ha desse faga over to år. Fordjupningsfaga er på fem timar i veka. Til saman vel du tre programfag. 15 av timane på vg2 i veka er altså fordjupningsfag.

Du kan velje mellom desse faga: 

Realfag:

  • matematikk R1   
  • matematikk S1
    (dersom du ikkje vel matematikk fordjupning, må du ha eit 3-timars fag som heiter 2P)
  • fysikk
  • kjemi
  • biologi
  • informasjonsteknologi

Språk, samfunnsfag og økonomi:

  • psykologi
  • sosiologi og sosialantropologi
  • sosialkunnskap
  • politikk og menneskerettar
  • rettslære
  • engelsk 
  • økonomistyring

Vg3 Studiespesialiserande

På vg3 held du fram med to av faga i programområdet ditt frå vg2. I tillegg vel du fritt eit tredje programfag. Du kan òg velje frå dei fleste faga på vg2.

På vg3 kan du velje mellom: 

Realfag:

  • matematikk R2
  • matematikk S2
  • fysikk
  • kjemi 
  • biologi 
  • informasjonsteknologi

Språk, samfunnsfag og økonomi:

  • psykologi
  • sosiologi og sosialantropologi
  • sosialkunnskap
  • politikk og menneskerettar
  • rettslære
  • engelsk 
  • økonomi og ledelse

Slik har vi det på studiespesialiserande på Askøy vgs

Elevar i Erfurt

Lengtar du vekk? Har du lyst å ta vg2 i Tyskland? 

Kvart år får inntil ni elevar frå Vestland tilbod om å gå heile Vg2 på Albert Schweitzer Gymnasium i Erfurt – og kjem heim med god fagkompetanse, flytande tysk og spanande opplevingar i bagasjen.