Hopp til hovedinnhold

Internasjonal vidaregåande skule Vg2 studiespesialiserande program

Elevar foran inngang til Albert Schweitzer Gymnasium

Kjennskap til andre språk og kulturar er ein viktig ressurs å ha med seg inn i arbeidslivet. Askøy videregående skole har derfor som målsetting at alle programområda skal ta del i internasjonale prosjekt, anten gjennom EU-program eller prosjekt støtta av Lånekassen.

Som ein del av Vestland fylkeskommune si satsing på internasjonalisering, får eit utval elevar som går på studiespesialiserande programfag i Vestland høve til å ta Vg2 i Erfurt i Thüringen.

Tilbodet vert administrert av Askøy vidaregåande skule, og vi har inntil ni plassar ved Albert Schweitzer Gymnasium. Elevane har fellesfag og programfag etter omtrent same reglar som i den norske skulen, og kjem tilbake til Noreg og tek Vg3 på vanleg måte. I tillegg til faga i den tyske skulen, vil Askøy vgs legge til rette for at dei skal lese norskpensumet på Vg2. Elevane må difor førebu seg på å jobbe intensivt og gjere ein ekstra innsats òg i skuleferiane. I tillegg til å fullføre vidaregåande utdanning på vanleg tid, vil elevane få innblikk i ein ny kultur og eit anna skulesystem.

Undervisinga på Albert Schweitzer Gymnasium føregår hovudsakleg på tysk, men dei har òg tospråkleg undervising i nokre fag, der engelsk er undervisingsspråk. Dei obligatoriske faga er tysk, matematikk, engelsk, historie og kroppsøving. Aktuelle programfag er fysikk, kjemi, biologi, «økonomi og rettslære» og geografi. Firetimarsfag vert godkjent som tilsvarande fag i Noreg. Faga kan veljast i ulike kombinasjonar, og elevane vil få råd om kombinasjonar som dei kan bygge vidare på i Vg3 for å oppfylle krava i norsk skule.

Elevane bur på internat i Erfurt, og internatleiinga følger opp elevane i samarbeid med skulekontoret Amt für Bildung i Erfurt og kontaktpersonen vår i byen.

Opphaldet vert finansiert med stipend frå Statens Lånekasse. Det dekker to heimreiser, husleige og mat. Elevane er forsikra gjennom fylket si elevforsikring.

Leiinga ved Askøy vgs har ansvar for uttak, førebuing og oppfølging av elevane. Dette gjeld m.a. besøk i løpet av skuleåret, hjelp til å løyse praktiske problem og jamleg kontakt med elevar, skule og foreldre.

Etter at skuleåret i Tyskland er avslutta, får elevane ei stadfesting frå skulen i Erfurt og eit kompetansebevis frå Askøy videregående skole. Etter Vg3 vil elevane få eit ordinært vitnemål frå skulen dei går på i Noreg.

Dette er eit tilbod til elevar som har tysk nivå 2 i Vg1, og elevar frå alle skular i fylket kan søke om opptak.

Slik søker du:

Elevar søker på vanleg måte i VIGO innan 1. mars, og i tillegg på dette spesielle søknadsskjema. Søkaren må òg skrive ein presentasjon av seg sjølv, der ein fortel om bakgrunn, interesser og motivasjon for å gå på skule i utlandet, og legge ved karakterutskrift frå Vg1. Elevane vert kalla inn til intervju etter at rektor på Askøy vgs har godkjent søknaden.

Søknaden til Askøy vgs skal altså bestå av tre delar i tillegg til søknaden ein legg inn i VIGO:

  • Utfylt søknadsskjema
  • Presentasjon av deg sjølv
  • Karakterutskrift frå 1. termin VG

 

Dette skal sendast samla til:

Askøy vgs. v/ rektor Oddvar Skråmestø
Søre Myrane 13
5300 Kleppestø

Søknadsfrist 1. mars.

Ann-Elin Dyrøy

undervisningsstilling