Hopp til hovedinnhold

Tilrettelagt opplæring

Kvardagstrening

Vi tilbyr tilrettelagt opplæring for elevar som har behov for det. Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.

Mål og prinsipp

Hovudmålet i opplæringa vår er sjølvstende i tilhøve til arbeid, bustad og fritid.

Vi jobbar etter «Relasjonspedagogiske prinsipp» i opplæringa. Med det meiner vi at det er grunnleggjande å støtte elevane i deira sosiale og faglege utvikling. 

Arbeidstrening og kvardagslivstrening

Askøy vgs har to klassar for særskilt tilrettelagt opplæring.

Opplæringa er knytt til programområda helse- og oppvekstfag og bygg- og anleggsteknikk.

Vi fokuserer på fysisk aktivitet i kvardagen, og på livsstil, kost og helse.