Hopp til hovedinnhold

Elevtenester

Her finn du informasjon om rådgjevarar, skulehelsetenesta og miljøkoordinator. Du finn dei på skulen i gangen "Elevtenesta" i 2. etasje.

Rådgjevarane våre

Du kan snakke med rådgivar om spørsmål knytta til skolekvardag, utdanning og yrkesvalg. Dei svarar dessutan på spørsmål i høve til søknad om lån og stipend.

Du kan også kontakte rådgivar når du treng nokon å snakke med om sosiale og personlege forhold som kan ha innverknad på korleis du har det på skolen.

Bestill tid hos ein av rådgjevarane våre, så hjelper dei deg så godt dei kan med det du lurar på. Om ikkje dei kan svare på spørsmåla dine, så kan dei hjelpe deg vidare til dei som kan. 
Rådgjevarane har teieplikt. 

Rådgivarane våre

Elin Kumle

Rådgivar for elevar på bygg og TIF.
Elin_Kumle_Lærar.jpg

Linda Tysnes

Rådgivar for elevar på elektro, helse, studie og påbygg.
Linda.jpg

Marie Louise Marino Landøy-Mikkelsen

Rådgivar
marie Louise_Landøy Mikkelsen_Tilsett.jpg

Skulehelsetjenesta

Skulehelsetenesta er eit gratis tilbod til alle elevar i vidaregåande skule. Du kan gjere avtale med helsesjukepleiar ved å henvenda deg i kontortida, ringa, senda SMS eller be om time via e-post.

Helsesjukepleiar

David Marøy og Anny Ottemo er på skulen måndag til torsdag kl. 9-14.

Miljøteam

Miljøteamet er her for deg og legg til rette for at du har ein aktiv og sosial kvardag. Dei støttar og motiverer deg, samarbeider tett med dei andre i elevtenesta og kan hjelpe deg vidare i systemet. Du kan stola på dei dersom noko er vanskeleg eller du hamnar i konfliktar.

Du finn dei også ved skulefrukosten på morgonen!

Miljøteamet vårt

Saman med dei andre miljøarbeidarane på skulen er dei opptatt av at elevane våre skal trivast, og har ein hand med i det meste av aktiviteter i elevmiljøet.

Miljøkoordinator støtter russestyret i deira oppgåver, og er MOT-koordinator ved skulen.

Hogne Mjelstad

miljøkoordinator
Hogne_Mjelstad_Miljøkoordinator.jpg

Turid Andreassen Larsen

miljøfagarbeider

Biblioteket

På biblioteket kan du vere sosial, jobbe med oppgåver, lese eller slappe av. Av og til er det ekstra kjekke aktiviteter på biblioteket der ein kan oppleve noko saman, som musikk, spel, høgtlesing eller anna. 

Les meir om biblioteket vårt