Hopp til hovedinnhold

Rådgjevartenesta ved skulen

Rådgivarane kan hjelpe deg med spørsmål om skolehverdag, utdanning og yrke.

Lurer du på kva du vil bli? Tenkjer du på framtida? Har du eit konkret problem på skulen eller heime? Kort sagt, treng du nokon å snakke med? Då kan du ta kontakt med rådgjevar for å gjere avtale om tid til ein samtale.

Rådgjevarane har teieplikt. Dei svarar dessutan på spørsmål i høve til søknad om lån og stipend. Dei hjelper òg til med yrkesorientering. Om ikkje dei kan svare på alt, så er dei gode på hjelpe deg vidare med ulike spørsmål.

Du finn rådgivarane i gangen "Elevtenesta" i 2. etasje på skulen.

Velkommen!

Rådgivarane våre

Elin Kumle

Rådgivar for alle elevar på bygg og TIF.

Linda Tysnes

Rådgivar for elevane på elektro, helse, studie og påbygg.