Hopp til hovedinnhold

Det du treng å vite...

MOTbru ved inngangen

Askøy vidaregåande skule er ein MOT-skule, vi har eit variert fagtilbod, er bynært, og har som mål å vere Askøy-ungdom sitt kortreiste førsteval!

Opningstider

Ekspedisjonen på skulen er open måndag - fredag kl. 08.00 - 15.00.
Her møter du Beathe, Kledmanee og Therese som kan svare på det meste, eller hjelpe deg vidare med det du lurar på.

Ring ekspedisjonen: 56152300

Kvar finn du oss

Adressa til skulen vår er Søre Myrane 13, 5300 Kleppestø.

Bussene stopper ved ungdomskulen, som ligg rett ved. Det tar omlag 15 minuttar å gå til skulen frå Kleppestø terminal. Bruk Skyss sin reiseplanleggar

Vi har dessverre ikkje bilparkering på skuleområdet. For korte parkeringsbehov er det parkering på helsetunet (inntil 2 timar). For parkering lenger enn dette er det parkering på kaien på Kleppestø eller i Holmedalen. Askøy kommune krev betaling på alle sine parkeringsplassar. For meir informasjon; https://askoy.kommune.no/tjenester/teknisk/vei-og-trafikk/parkering  

Dette meiner vi er viktig

På Askøy videregående skole er vi opptatt av at alle elevar skal ha ein trygg og god skulekvardag. Samtidig skal skuletida gje rom for nye opplevingar og utfordringar.

Skulen samarbeider tett med kommunen, lokalt næringsliv og organisasjonar for å kunne gje elevane erfaringar i praksis. På same tid som vi ønskjer å ha ein lokal tilknytning, så er vi også opptatt av å sjå ut i verda. Skulen har lang tradisjon for internasjonalt arbeid. Hos oss får mange av elevane tilbod om tur eller utplassering i utlandet. Vi har mellom anna tilbod om å ta deler av opplæringa i Tyskland på vg2 elektrofag og vg2 studiespesialiserende. For dei andre yrkesfaga vert det gjeve tilbod om praksis/utplassering i utlandet. Studiespesialiserande får tilbod om utanlandsturar. I tillegg er skulen deltakar i ulike prosjekt i samarbeid med skuler i andre land.

 

Skulen som Miljøfyrtårn

Skulen har etablert eit system for å arbeide målretta og systematisk med å redusere miljøbelastninga si. Som Miljøfyrtårn-sertifisert skule oppfyller vi strenge krav innan mellom anna energi, avfall, transport, innkjøp og arbeidsmiljø. Sertifiseringa er eit offisielt prov på vårt engasjement for berekraft og miljøansvar.

Ordninga blir driven av Stiftinga Miljøfyrtårn og er den mest brukte miljøsertifiseringsordninga i Noreg for verksemder som ønskjer å bidra til det grøne skiftet.

Å vere Miljøfyrtårn betyr at både drift og pedagogisk arbeid blir retta i ei meir berekraftig retning. Miljøarbeidet er forankra i læreplanane, slik at miljøtiltaka blir ein naturleg del av skulekvardagen. Både elevar og tilsette er aktive deltakarar i arbeidet, frå å avdekkje forbetringsmoglegheiter til planlegging og gjennomføring av konkrete tiltak.

Miljøtema som matsvinn, gjenbruk og naturmangfald blir integrerte i undervisninga for å styrkje elevane si miljømedvit. Eit trygt og godt arbeidsmiljø for både elevar og tilsette er òg ein viktig del av sertifiseringa.

Skulen har gode ordningar for kjeldesortering og reduksjon av matsvinn, og vi arbeider kontinuerleg for å gjere mest mogleg miljøvennlege innkjøp av materiell og utstyr.

Miljøfyrtårn