Hopp til hovedinnhold

Maisha Mema-dagen 2022

Fleire kenyanske barn sit på ein benk. Barna tuller og ler med kvarandre.

Kvart år markerer Askøy vidaregåande skule den store Maisha Mema-dagen. Stiftelsen Maisha Mema driv både barneheim i Tigoni i Kenya og klubbhus for 300 barn i Soweto-slummen i Nairobi. «Maisha Mema» er swahili og tyder «Betre liv».

Askøy vgs har i mange år hatt eit lokalt samarbeid med Stiftelsen Maisha Mema. Vi har fokus på Maisha Mema heile skuleåret gjennom, og i starten av november arrangerar vi kvart år ein stor innsamlingsaksjon. I fleire veker har alle klassane ved Askøy vgs laga ulike innsamlingsaktivitetar, som pågår heilt fram til sjølve Maisha Mema-dagen 8. november. Heile skulen har arbeida med Maisha Mema, og saman har vi skapt eit spennande program som varer heile skuledagen.  Det blir kafé, konsert og rollespel, film, spel og formingsaktivitetar, med og for elevane ved Askøy vgs. Alle pengar som blir samla inn, både i forkant og i løpet av dagen, blir sendt inn til den nasjonale innsamlingsaksjonen seint i november.

Gjennom samarbeidet med Maisha Mema i Kenya opnar vi dører mot verda, og vi får ein sjanse til å utvide våre perspektiv. Det er med på å lyse opp vintermørket å vite at vi saman kan gjere ein forskjell for kvarandre.

Vil du lære meir om det fantastiske arbeidet Maisha Mema gjer? På heimesida maishamema.org vil du finne meir om historia og ildsjelene som står bak Maisha Mema, bilete av arbeidet på klubbhuset og i barneheimen og litt om korleis ein kan engasjere seg. Vi seier som Maisha Mema: "ver med oss og skape ein positiv forandring i eit barn sitt liv."