Vil du oppleve verda? Askøy vgs. har ein sterk internasjonal profil, og tilbyr språkreiser, praksis i yrkesfag og heile skuleår i utlandet. I tillegg får vi ofte besøk frå internasjonale samarbeidspartnarar på skulen vår.
Askøy vgs. tilbyr språkreiser for alle elevar på studiespesialiserande vg1.
Elevar på yrkesfag kan ha praksis i yrkesfagleg fordjuping i Danmark eller Tyskland vårsemesteret i vg2.
Nokre elevar på studiespesialiserande vg2 har heile skuleåret i Tyskland, og elevar på elektrofag vg2 kan ha nesten heile året i Tyskland. Alle reiser er dekka av midlar frå Erasmus+ eller frå Lånekassen.
I tillegg til dette har vi ulike internasjonale prosjekt støtta av Erasmus+ og vi tek imot elevar og lærarar frå fleire ulike land på praksisopphald hos oss. Les meir om dei ulike tilboda under her.
Erasmus+ har som målsetting å knyte vennskap over landegrensene, og vi på Askøy vgs synest det er flott å på denne måten kunne hjelpe elevane til nye perspektiv!
I 2026 fekk skulen utdelt den europeiske språkprisen frå Erasmus+. Prisen blir delt ut av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) på vegne av Erasmus+. Her kan du lese meir om kvifor vi fekk prisen.
Språkreiser vg1 ST
Askøy vgs er akkreditert av Erasmus+ til å sende alle vg1-elevar på studiespesialiserande på språktur til eit land der framandspråket ein lærer, blir snakka. Vi sender elevane våre til lokale skular i Spania og Tyskland.

Yrkesfagleg praksis vg2 i Danmark eller Tyskland
Gjennom Vestland fylkeskommune har Askøy videregående skole mogelegheit å søke om stipend frå Erasmus+ for elevar på Vg2 tømrar, industriteknologi, helsefagarbeidar og barne- og ungdomsarbeidarfag.

Studiespesialiserande vg2 i Tyskland
Kvart år får inntil ni elevar frå Vestland tilbod om å gå heile vg2 på Albert Schweitzer Gymnasium i Erfurt – og kjem heim med god fagkompetanse, flytande tysk og spanande opplevingar i bagasjen.

Elektrofag vg2 i Tyskland
Elevar som har fullført vg1 elektro kan søke om å ta det andre skuleåret i Tyskland. Inntil ni elevar får plass på Andreas Gordon Schule i Erfurt etter søknad og intervju. Det er ei oppleving for livet, og elevane kjem heim godt rusta for eit fleirkulturelt arbeidsliv.
Internasjonale besøk til Askøy vgs.
Mange ønsker å oppleve Norge og besøke den flotte skulen vår. Både elevar og lærarar frå ulike internasjonale samarbeidspartnarar reiser til Askøy vgs. med stipend frå Erasmus+.
Internasjonal koordinator
Lyst på eit opphald i utlandet? Og mange spørsmål? Ta kontakt!
Ann-Elin Dyrøy
Internasjonal koordinator
