Hopp til hovedinnhold

På språkreiser for vg1 deltek elevane i undervisninga på den lokale skulen og i ulikt kulturelt program. Elevane bur heime hos elevar på same alder som seg sjølv. Tilsette frå Askøy vgs følgjer elevane på reisa og er med på heile opphaldet.

Alt av reise, opphald og mat blir dekka av midlar frå Erasmus+-prosjektet.

Elevar som av ulike årsaker lærer eit anna framandspråk, er velkomne til å vere med på ein av desse tre turane.

Askøy vgs. tek òg imot elevar frå samarbeidsskulane våre og organiserer program for dei. Då spør vi som regel om elevane våre som har vore ute og reist kan vere vertskap for ein elev. Merk at dette er ikkje eit krav for å kunne reise ut.

Ta med:

Ei lita gåve til vertsfamilien (til dømes melkesjokolade), helfo-kort (bestill gratis på helsenorge.no), pass/reise-ID, klede etter veret, gode skor, lommepengar og kanskje ein pakke knekkebrød i tilfelle ein treng litt tid til å venne seg til den lokale maten. Verdisaker let vi ligge igjen heime.

Anna:

Elevane er forsikra gjennom Vestland fylkeskommune. 

Elevane må skrive ein rapport etter opphaldet og kjem til å jobbe med førebuingar og etterarbeid i språktimane på Askøy vgs.