Hopp til hovedinnhold

Presentasjon frå foreldremøtet 2. september 2024 m.m.

Takk for sist til dei som var med på møtet! Kunne du ikkje delta, så kan du sjå presentasjonen til rektor her.

Rektor sin presentasjon på foreldremøtet 2. september 2024

Foreldre til elevar på vg 2 vil få invitasjon til foreldremøte innan utgangen av november. 

I november/desember vil foreldra til alle elevar under 18 år få invitasjon til ein samtale om eleven si utvikling i faga og sosialt. Kontaktlærar inviterer. Dersom de har behov for ein samtale før dette, eller ein samtale med faglærar kan du melde inn ønskje om dette i eige skjema. 

Foreldre til elevar på vg1 vil også bli invitert til dialogkafe 16. oktober om aktuelle tema i rolla som tenåringsforeldre. Dette møtet er i regi ved elevtenesta ved skulen, i samarbeid med skulehelsetenesta og andre samarbeidspartnarar. Elevar er også engasjert i gjennomføringa av møtet. Meir informasjon om dette kjem!