Dersom du fekk karakteren 1 i eit eller fleire fag, i standpunkt eller til eksamen, får du tilbod om ny, utsett eller særskilt eksamen i haust. Du må melde frå til skulen om du ønskjer å bruke denne retten eller ikkje! FRIST FOR Å SVARE: 11. SEPTEMBER 2026
Du kan også ha rett på meiropplæring (undervisningstimer). Du kan lese meir om dette på nettsidene til Vestland fylke.
Treng du å låne lærebøker, kontakt biblioteket ved skulen.
Svar her i elektronisk skjema: OPPMELDINGSKJEMA FOR SÆRSKILT EKSAMEN HAUSTEN 2026. FRIST FOR Å SVARE 11. SEPTEMBER!
Datoar for skriftleg eksamen finn du på skolen sin nettside (kommer her)
Eksamen med munnleg/munnleg-praktisk eksamensform blir gjennomført i november/desember. Dato får du i god tid.
Dato for praktisk tverrfagleg eksamen kjem når oppmelding er gjort.
Dersom du meiner du har rett på tilrettelegging til eksamen, kan du søkje om dette. Hadde du rett til tilrettelegging skuleåret 2025/2026, så gjeld denne også for hausten 2026 for særskilt eksamen.
Har du noen spørsmål?
Ta kontakt med Jaspreet Gloppen på e-post: Jaspreet.Kaur.Gloppen@vlfk.no.