Hopp til hovedinnhold

Skulestart 2026/2027

VIKTIG informasjon til deg som skal starte i vidaregåande hausten 2026; les meir under om elev-pc, lånekassen, lånekontrakt, skuleskyss, oppmøte og reglar om inntak.

Førebuing til skulestart

Før ein skal starte på skulen må ein førebu seg når det gjeld:

  • Elev-PC - Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC. Eleven kan kjøpe ein rimeleg PC gjennom Vestland fylkeskommune eller bruke eigen pc. Meir om elev-pc. Vi anbefaler sterkt at ein kjøper PC (ikkje MAC eller anna).
  • Lånekassen – Eleven kan søkje om utstyrstipend. Les meir om dette på Lånekassen.no
  • Skuleskyss – Skyss har tilbod til elevane. Meir informasjon på Skyss
  • Lånekontrakten - Alle elevar må kvart år underteikne den digitale lånekontrakten for utlån av læremidlar, skuleutstyr o.l. Les meir her om elektronisk lånekontrakt  og Logg inn med MinID
  • Last ned appen Bibliofil! (Android, Apple) Da har du både lånekortet ditt og heile bibliotekkatalog på mobilen din. Du må åpne appen etter du har lastet den ned og logge deg på den.

  • Alle elevar får bok- eller garderobeskap, ta med hengelås til å låse skapet med. Du har sjølv ansvar for bøker du får låne på skolen, og anna utstyr/personlege eigendeler. 

  • Elevar på yrkesfag får informasjon første skuledag om anna utstyr som du eventuelt treng i opplæringa.  

 

Oppmøte første skuledag 17. august i kultursalen KIPO - på skulen: 

    • 09:00: vg3
    • 09:45: vg2/TO
    • 10:30: vg1

Du må rekne med å vere på skulen inntil fem timer denne første dagen. 

Obligatorisk oppmøte første skuledag

Dersom du ikkje møter første skuledag misser du plassen din som elev, og kan ikkje krevje å få tilbake plassen seinare.

Har du gyldig fråværsgrunn (sjukdom eller annan sosial grunn, dokumentert av lege eller offentleg instans) må skulen varslast seinast første skuledag. Melding om fråvær gir ein til skulen over telefon eller e-post, og dokumentasjon må leverast første frammøtedag. Utan dokumentasjon kan ein ikkje rekne med å få behalde tildelt plass.

Eleven kan ikkje rekne med å få fri til feriereiser ved skulestart. Det er den einskilde skule som vurderer søknad om ev. permisjon ved skulestart. Inntak behandlar ikkje desse søknadane, så ta kontakt med skulen dersom de har spørsmål. Kriteria for permisjon er strenge. Utan skriftleg permisjon frå skulen mistar eleven tildelt plass dersom ein ikkje møter første skuledag.

Dersom eleven møter til skulestart, men deretter ikkje møter dei følgjande skuledagane utan å melde frå, vil ein også miste plassen utan nærare varsel. 

Les meir om inntak her. 

Dersom du ikkje allereie står på ventelista i VIGO, men ønskjer å stå på ventelista til Askøy videregående skole, så kan du registrere det i eige skjema. Dette skjemaet blir lagt ut 10. august 2026 etter at 3. inntaket er klart.  

Vi gjer merksam på at vi ikkje opnar for klassebytter ved skulestart. Dersom du har viktig informasjon som skulen bør ha før skulestart, send melding om dette til post.asv@vlfk.no seinast 10. august! 

Sjå eigen informasjon om oppmøte første skuledag 17. august 2026.