Hopp til hovedinnhold

Skulestart torsdag 15. august 2024

Vi ønskjer velkommen til nytt skuleår!

Elevane møter trinnvis i kultursalen KIPO: 

 Kl. 09:00: Vg1

Kl. 10:00: Vg2

Kl. 12:00: vg3 

Etter ei felles samling og opprop i klasser, går du med kontaktlærar til eit klasserom. Her vil du møte medelevane dine, og få meir informasjon om oppstarten. 

Før skulestart oppmoder vi alle nye elevar og føresette om å setje seg inn i praktiske ting som er lurt å vite før ein møter 1. skuledag! Les viktig informasjon til nye elevar her! 

Lurer du på noko etter å ha lest informasjonen, ta gjerne kontakt ved å sende ein epost til skulen!

Elevar i eigne grupper/tilrettelagt opplæring vil få meir informasjon om oppmøtetid og stad, men er med i KIPO kl. 09:00. 

Vel møtt, og lukke til med skulestarten! 

PS: For å sikre ein god og føreseieleg skulestart for alle, opner vi ikkje opp for å byte plass mellom klassene på same programområde. Ta kontakt med kontaktlærar dersom det er noko du ønskjer hen skal vite om før, eller ved, skulestart.