Hopp til hovedinnhold

Studiespesialisering

Elevar som er jobber med skulearbeid ved pulter

Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Kvifor velje Askøy?

Hjå oss kan du kvalifisere deg til kva som helst studium i innland og utland i løpet av tre år.

Vi tilbyr både språk-, økonomi- og samfunnsfag og realfag som vil gi deg det du treng for å kunne studere etter videregåande.

Hos oss får du eit sterkt internasjonalt fokus. Som elev på studiespesialiserande får du tilbod om utanlandstur knytt til opplæringa i framandspråk og/eller eit programfag.

Utdanningsløpet på studiespesialisering

Vg1 studiespesialiserande

Framandspråk

Du må velje eit framandspråk i tillegg til engelsk. Vi tilbyr dette skuleåret:

  • tysk nivå I og II
  • spansk nivå II

Det er vanleg å halde fram med det språket du hadde på ungdomsskulen. Dette er mulig dersom du hadde spansk eller tysk. Dersom du ikkje hadde språk på ungdomsskulen, må du dette skuleåret velje tysk, og halde fram med det også når du kjem til vg2 og vg3.

Tysk I er i utgangspunktet eit tilbod til dei som ikkje hadde framandspråk på ungdomsskulen. Du kan òg bytte til tysk frå eit anna språk ein har valgt på ungdomsskulen. 

Askøy videregående skole har i mange år reist med vg1-elevar på språktur til Spania og Tyskland. Elevane som er med bur då som regel i ein vertsfamilie. Programmet inkluderar mellom anna besøk på skule og møte med jevnaldrende. Det er Askøy videregående skule som arrangerer og organiserar turane sjølve.

Matematikk  

Du skal óg velje matematikk. På Askøy vgs. kan du velje mellom matematikk P (praktisk) eller matematikk T (teoretisk). Matematikk P er rettet mot praktiske oppgaver og passer for deg som vil ha matematikken du må ha for å kunne studere. Matematikk T er meir teoretisk og passer for deg som vil søke utdanning som krever spesiell studiekompetanse, slik som ingeniør, lege, tannlege eller anna.

Vg2 studiespesialisering

På vg2 vel du programområde, anten realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi. Du må ha fordjuping innan to fag i det same programområde, det betyr at du må ha desse faga over to år. Fordjupningsfaga er på fem timar i veka. Til saman vel du tre programfag. 15 av timane på vg2 i veka er altså fordjupningsfag.

Du kan velje mellom desse faga på vg2: 

Realfag:

  • matematikk R1   
  • matematikk S1
    (dersom du ikkje vel matematikk fordjupning, må du ha eit 3-timars fag som heiter 2P)
  • fysikk
  • kjemi
  • biologi
  • informasjonsteknologi

Språk, samfunnsfag og økonomi:

  • psykologi
  • sosiologi og sosialantropologi
  • rettslære
  • engelsk 
  • økonomistyring

Vg3 studiespesialisering

På vg3 held du fram med to av faga i programområdet ditt frå vg2. I tillegg vel du fritt eit tredje programfag. Du kan òg velje frå dei fleste faga på vg2.

Du kan velje mellom desse faga på vg3: 

Realfag:

  • matematikk R2
  • matematikk S2
  • fysikk
  • kjemi 
  • biologi 
  • informasjonsteknologi

Språk, samfunnsfag og økonomi:

  • psykologi
  • sosialkunnskap
  • politikk og menneskerettar
  • rettslære
  • engelsk 
  • økonomi og ledelse

Vegen vidare

Med studiekompetanse kan du søke opptak til høgare utdanning i Noreg. Dette gjer du gjennom Samordna opptak. Her får du òg informasjon om kva for opptakskrav som gjeld for dei ulike studia. Hugs søknadsfristen 15. april.

Har du ikkje valt? Då kan du få gode tips på Utdanning.no

Smilande elevar i Erfurt

Lengtar du vekk? Har du lyst å ta vg2 i Tyskland? 

Kvart år får inntil ni elevar frå Vestland tilbod om å gå heile Vg2 på Albert Schweitzer Gymnasium i Erfurt. Dei kjem heim med god fagkompetanse, flytande tysk og spanande opplevingar i bagasjen.