Hopp til hovedinnhold

MOT på Askøy vgs.

Askøy vgs. er ein MOT-skule.

Skulen har i dag 17 Unge Motivatorar (UMO-ar) og 9 MOT-coachar, og er alltid interessert i å få fleire med på laget.

Vi har mange merkedagar her på skulen som handlar utelukkande om å skape trivsel og samhald. Desse er styrte av UMO-ane i samarbeid med miljøkoordinator. Til dømes:

  • HEI-veke og fadderveker i starten av skuleåret
  • Besøk på 10. trinn for å tryggje overgangen til Vg1
  • Besøk på 9. trinn dersom det kjem ønskje frå skulane. UMO-ane kan snakke om ulike viktige tema, som sosiale medium, mobbing og inkludering
  • TV-aksjonen
  • Samarbeid med Kreftforeininga, Avinor og Aero-klubben om aktivitetar for barn som har vore i kreftbehandling
  • Dialogkafé og foreldremøte
  • Andre merkedagar

I tillegg held UMO-ane føredrag om MOT for våre internasjonale samarbeidspartnarar når dei besøker skulen vår.

MOT Norge

MOT-programmet «Robust ungdom» for vidaregåande skule består av tolv MOT-økter. Målet med programmet er å styrke ungdommen sin robustheit og skape klassekulturer og skulemiljø der alle er inkludert.

Miljøkoordinator

Hogne Mjelstad

miljøkoordinator
Hogne_Mjelstad_Miljøkoordinator.jpg