Vi gjennomfører Elevundersøkinga i alle klasser dei kommande vekene.
I lenka under finn foreldre meir informasjon om denne.
Elevane finn informasjon på InfoElev, i tillegg til at kontaktlærar vil gi meir informasjon om gjennomføringa i den enkelte klasse.
Kva er formålet med Elevundersøkinga?
Elevundersøkinga gir elevane høve til å seie kva dei meiner om læring og trivsel på skolen. Resultata frå undersøkinga blir lagra og brukte av skolen, skoleeigaren og dei statlege utdanningsmyndigheitene for å analysere og utvikle skole- og læringsmiljøet til elevane.