Vg1: torsdag 3. september kl. 18:00/vg2: torsdag 10. september kl. 18:00
Vi ønskjer velkommen til foreldremøte for vg1 på Askøy videregående skole i KIPO - torsdag 3. september kl. 18:00!
Foreldre til elevar på vg2 blir invitert til foreldremøte i KIPO torsdag 10. september 2026 kl. 18:00.
På Askøy videregående skole veit vi at foreldre er viktige støttespelarar for ungdommen. Vi ønskjer difor å leggje grunnlaget for eit godt samarbeid ved å gi informasjon om innhaldet i og organiseringa av opplæringa, om korleis foreldra kan involvere seg, rutinar for fråvær og andre relevante forhold. Etter ei felles samling i KIPO blir det samling klassevis med kontaktlærar.
Alle elevar får ved skulestart invitasjon til ein startsamtale. Føresette til elevar under 18 år er velkomne til å vere med dersom det passer slik. Sjå også eige oppslag med anna viktig informasjon ved skulestart. https://www.askoy.vgs.no/nyheiter/skulestart-202520262/ for anna viktig informasjon.
På nettsida til Vestland fylke finn du mellom anna informasjon om vårt skuleadministrative program InSchool.
I tillegg til startsamtalen vil alle foreldre til elevar som ikkje er myndige få invitasjon til éin planlagd samtale i løpet av første halvår av skoleåret. I denne samtalen får foreldra informasjon om korleis eleven arbeider, den faglege utviklinga til eleven, og korleis eleven utviklar seg sosialt. Samtalen skal også klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for at eleven lærer og utviklar seg.
Dersom nokon ønskjer å snakke med kontaktlærar før denne samtalen så er det mogleg å ta direkte kontakt, eller melde inn ønskje i eige skjema her.