Hopp til hovedinnhold

Skulestart 2025/2026

Viktig informasjon til deg som skal starte i vidaregåande hausten 2025.

Førebuing til skulestart

Før ein skal starte på skulen må ein førebu seg når det gjeld:

  • Elev-PC - Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC. Eleven kan kjøpe ein rimeleg PC gjennom Vestland fylkeskommune eller bruke eigen pc. Meir om elev-pc. Vi anbefaler sterkt at ein kjøper PC (ikkje MAC eller anna).
  • Lånekassen – Eleven kan søkje om utstyrstipend. Les meir om dette på Lånekassen.no
  • Skuleskyss – Skyss har tilbod til elevane. Meir informasjon på Skyss
  • Lånekontrakten - Alle elevar må underteikne den digitale lånekontrakten for utlån av læremidlar, skuleutstyr o.l. Logg inn med MinID

Obligatorisk oppmøte første skuledag

Dersom eleven ikkje møter første skuledag blir ein stroken som elev, og kan ikkje krevje å få tilbake plassen seinare.

Har eleven gyldig fråværsgrunn (sjukdom eller annan sosial grunn, dokumentert av lege eller offentleg instans) må skulen varslast seinast første skuledag. Melding om fråvær gir ein til skulen over telefon eller e-post, og dokumentasjon må leverast første frammøtedag. Utan dokumentasjon kan ein ikkje rekne med å få behalde tildelt plass.

Eleven kan ikkje rekne med å få fri til feriereiser ved skulestart. Det er den einskilde skule som vurderer søknad om ev. permisjon ved skulestart. Inntak behandlar ikkje desse søknadane, så ta kontakt med skulen dersom de har spørsmål. Kriteria for permisjon er strenge. Utan skriftleg permisjon frå skulen mistar eleven tildelt plass dersom ein ikkje møter første skuledag.

Dersom eleven møter til skulestart, men deretter ikkje møter dei følgjande skuledagane utan å melde frå, vil ein også miste plassen utan nærare varsel. 

Les meir om inntak her. 

Dersom du ikkje allereie står på ventelista i VIGO, men ønskjer å stå på ventelista til Askøy videregående skole, så kan du registrere det i eige skjema. Dette skjemaet blir lagt ut etter at 3. inntaket er klart 11. august 2025.  

Vi gjer merksam på at vi ikkje opnar for klassebytter ved skulestart. Dersom du har viktig informasjon som skulen bør ha før skulestart, send melding om dette til post.asv@vlfk.no seinast 13. august! 

Sjå eigen informasjon om oppmøte første skuledag 18. august 2025.