Tolv fornøgde vg2-elevar frå industriteknologi, tømrar og barne- og ungdomsarbeidarfaget på Askøy vgs har fullført yrkesfag-praksisen sin i Erfurt gjennom Erasmus+.
Det har vore tre lærerike veker, både med tanke på fag, men ikkje minst med tanke på kultur, språk, å ta seg fram i ein ny by og å smake på ny mat. Det har vore utfordrande! Men alle elevane har fått gode tilbakemeldingar frå dei fantastiske samarbeidspartnarane våre.
To av institusjonane henta til og med inn pensjonerte lærarar for å sørge føre at elevane våre fekk meiningsfulle og tilrettelagte oppgåver!
2. april reiste vi heim via Berlin og Amsterdam, og rakk litt sightseeing på vegen.






Bileta er frå verkstadane. I barnehagane er det ikkje lov å ta bilete av borna, så jentene fokuserte på samværet og ikkje på fotografering.