Hopp til hovedinnhold

Inntak skuleåret 2023 - 2024

Fylkeskommunen styrer inntak til vidaregåande opplæring til og med 8.august. Etter det er det den einskilde skule som styrer inntaket.

Har du søkt Askøy videregående og fått plass på venteliste?

Askøy vgs. har fulle klasser og ventelister på alle våre utdanningsprogram, og vil fram til 1. september ta inn elevar fortløpande etter deira plassering på ventelistene. Om vi får ledige plassar vil vi kontakte elevar på ventelista via registrert mobilnummer. Dersom eleven ikkje svarer, vil vi gå vidare på ventelista. Har eleven ikkje blitt kontakta ligg eleven fortsatt registert på ventelista. Vi set pris på at eleven ikkje kontaktar skulen for å etterspørre status for plassen sin på ventelista.

Sjå informasjon frå fylkeskommunen her

Har du ikkje søkt Askøy videregående, men ønskjer å bli lagt inn på venteliste?

Etter 1. september kan vi  ta inn elevar som ikkje ligg på ventelista, dersom karaktersnittet til eleven konkurrerer med snittet til neste elev på ventelista.
Dersom du ikkje har søkt hos oss, men ønskjer å registrere deg som søkjar, kan du kontakte oss på e-post.

Skulen vil kontakte deg om det vert ledige plassar. Vi set pris på at du ikkje kontaktar skulen for å etterspørre status for plassen din på ventelista.