Hopp til hovedinnhold

Auksjon 26. august 2023

Laurdag 26.8.2023 blir det auksjon over «brukt» utstyr ved Askøy vgs i samband med innflytting i nytt bygg.

Auksjonen startar kl 11:00. Me opnar kl 10:00 slik at det er mogeleg å ta aktuelle ting i augesyn. Auksjonen foregår i det gamle verkstadbygget, inngang frå nord.

Det blir lagt ut for salg div. utstyr frå mekanisk avdeling, som t.d Fres, Dreiebenk, Bandsag, Søyleboremaskiner, div skap og reolar mm. I tillegg ønskjer me å selje ei kantpresse (hydraulisk) som er flytta til nye-verkstaden.  Lista over utstyr er ikkje fullstendig, men meint å gje eit bilete av det me vil bli kvitt.

Vidare blir det lagt ut noko kontormøblement og div innreiing.

Utstyr som blir seld, må hentast av kjøpar.

Oppgjer på vipps for «mindre beløp». Faktura for beløp over 5000.-

For fleire opplysningar, kontakt rektor Oddvar Skråmestø på 95116145.