Hopp til hovedinnhold

Avslutning vg2 elektro i Tyskland

Elevane får sine vitnemål etter eit år i Tyskland

Fire elevar ved Askøy vgs har vore i Erfurt i Tyskland sidan oktober 2023; Nicolai Mjømen Lylund, Isa Christin Oldereid, Eduards Gaikis og Tobias Aalen Storla. Elevane har no bestått elektroutdanninga og fått vitnemålet sitt frå Andreas-Gordon-Schule.

7. mai hadde elevane avsluttande prøvar i elektrofaga dei har studert ved Andreas-Gordon-schule i Erfurt i Tyskland, og 8. mai stilte rektor Karsten Pohlemann med stettglas og kanapear i festsalen på skulen og ville feire dei gode resultata. Til stades var faglærarar frå skulen, representantar frå praksisbedriftene elevane hadde vore i, skulesjefen og byråden for barn og unge i Erfurt var til stades – og rektor og to lærarar frå Askøy vgs hadde tatt turen for å følge elevane over målstreken.

Askøy vgs har hatt samarbeid med Andreas-Gordon-Schule sidan 2007, og det er stadig like flott å få sjå nye elevar meistre både det tyske språket og elektrofaga som er underviste på tysk. Når ein representant frå ei av praksisbedriftene i tillegg reiser seg opp og seier at dei ønsker eleven vår tilbake så snart han er ferdig utdanna i Noreg, veit vi at vi har gjort noko riktig.

Så flotte ungdommar finst det altså på øya vår!