Hopp til hovedinnhold

Årets adventskonkurranse er her!

Eit joletre bygga opp av grøne skulebøker. På toppen er ei lysande stjerne. Treet er dekorert med raude hjarte.

Det årlege boktreet er på plass på skulebiblioteket, laga berre av gamle, grøne skulebøker. 1. desember er adventskonkurransen i gang, og det skapar engasjement!

Som tidlegare år har vi fått opp eit joletre på skulebiblioteket, bygga opp av skulebøker. Med hjelp av nokre elevar vaks joletreet opp, det vart skakt, fint og med stor personlegdom! Treet er dekorert med 24 raude hjarte, og 1. desember starta årets jolekonkurranse. På kvart hjarte står eit sitat, henta frå side 100 i ei bok på skulebiblioteket. Oppgåva er enkel: finn kva for bøker sitata er frå! Alle som finn bøker får namnet sitt på ei lapp, og vi trekk ein vinnar rett før joleferien. Allereie første dagen var det nokre namn i loddkrukka!