Hopp til hovedinnhold

Eksamen 2023

Eksamensperioden nærmar seg, og etter tre år utan eksamen er det i år ekstra viktig å vere godt førebudd!

Elevane får informasjon frå faglærar i dei enkelte faga om når og korleis eksamen blir gjennomført, i tillegg til å førebu seg fagleg. Det er samtidig viktig at elevane sjølv orienterar seg om kva fag som er aktuelle eksamensfag for den enkelte våren 2023. Og at dei set seg inn i korleis eksamen blir gjennomført, kva hjelpemiddel som er tilllatt m.m. 

Eksamensgjennomføring finn du informasjon som kan vere nyttig å kjenne til for foreldre og andre som kan hjelpe elevane med å førebu seg. Her finn du lenke til eksamensplanen som viser når dei ulike eksamenane blir gjennomført (NB: 19. mai!) og lenke til Vestland Fylkeskommune sin informasjon om sentralgitt (skriftleg) og lokalgitt (muntleg, muntleg/praktisk og praktisk) eksamen.

Lukke til med førebuingane til eksamen!