Velkommen til foreldremøte for vg1 måndag 2. september kl. 19:00 i KIPO!
På foreldremøtet vil vi gi informasjon om innhaldet i og organiseringa av opplæringa, om korleis foreldra kan medverke, og om rutinar og andre relevante forhold.
Det vil også bli ei samling klassevis med kontaktlærar.
Alle elevar får ved skulestart invitasjon til ein startsamtale. Føresette til elevar under 18 år er velkomne til å vere med dersom det passer slik.
I tillegg vil alle foreldre til elevar som ikkje er myndige få invitasjon til éin planlagd samtale i løpet av første halvår av skoleåret. I denne samtalen får foreldra informasjon om korleis eleven arbeider, den faglege utviklinga til eleven, og korleis eleven utviklar seg sosialt. Samtalen skal også klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for at eleven lærer og utviklar seg.
Dersom nokon ønskjer å snakke med kontaktlærar før denne samtalen så er det mogleg å ta direkte kontakt, eller melde inn ønskje i eige skjema her.