Hopp til hovedinnhold

Språkreise til Tyskland

Første veka i februar reiste alle førsteklassingane frå tyskklassen til Erfurt!

I veke 5 reiste VG1-elevane i tysk på språkreise til Erfurt. Erfurt er hovudstaden i den tyske delstaten Thüringen. Denne veka budde dei hos tyske vertsfamilier, og på dagtid fekk dei oppleve eit tysk gymnas. Dei fekk sjå ein nedlagt saltgruve, og alle gjekk på ei utstilling med ekte menneskekroppar. Det var ei spennande og lærerik reise, med mange inntrykk!