Trygt og godt skulemiljø

Lokalt tillegg til ordens- og åtferdsreglementet

I arbeidet med å sikre elevane våre eit godt og trygt skulemiljø har vi laga eit lokalt tillegg til ordens- og åtferdsreglementet i Vestland fylkeskommune.

Formålet er å sikre ei føreseieleg og god praksis i handhevinga av reglementet, med vekt på §5 Elevane sine plikter. 
Målet er å sikre at alle elevane ved skulen har eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring, jf. opplæringslova §9 A-2.

Vi ber alle føresette lese gjennom dokumentet, og ta kontakt med skulen dersom de treng meir informasjon, eller har merknader som skulen bør kjenne til.