Hopp til hovedinnhold

Takk til alle som deltok på foreldremøte for vg1 torsdag 28. august kl. 18:00 i KIPO.

På foreldremøtet vil vi gi informasjon om innhaldet i og organiseringa av opplæringa, om korleis foreldra kan involvere seg, rutinar for fråvær og andre relevante forhold. Det vil også bli ei samling klassevis med kontaktlærar.

Kunne du ikkje delta på møtet, eller var det informasjon du ikkje fekk heilt med deg?
Du finn presentasjonen frå møtet her. 

Alle elevar får ved skulestart invitasjon til ein startsamtale. Føresette til elevar under 18 år er velkomne til å vere med dersom det passer slik. Sjå også oppslag om skulestart 2025/2026 for anna viktig informasjon. 

På nettsida til Vestland fylke finn du mellom anna informasjon om vårt skuleadministrative program InSchool

I tillegg til startsamtalen vil alle foreldre til elevar som ikkje er myndige få invitasjon til éin planlagd samtale i løpet av første halvår av skoleåret. I denne samtalen får foreldra informasjon om korleis eleven arbeider, den faglege utviklinga til eleven, og korleis eleven utviklar seg sosialt. Samtalen skal også klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for at eleven lærer og utviklar seg.

Dersom nokon ønskjer å snakke med kontaktlærar før denne samtalen så er det mogleg å ta direkte kontakt, eller melde inn ønskje i eige skjema her.

Foreldre til elevar på vg2 blir invitert til foreldremøte torsdag 25. september 2025 kl. 18:00.